Seminar om mat og berekraft 30. mai

30. mai arrangerer vi i samarbeid med FHI seminar om mat og berekraft med nokre av landets fremste fagfolk.

Plakat Seminar om mat og berekraft - Klikk for stort bilde

30. mai arrangerer Lom folkebibliotek i samarbeid med Folkehelseinstituttet seminar om kosthald og berekraft. Åtte av våre fremste fagfolk deltek med innlegg og paneldebatt. Det blir høve til å koma med spørsmål og innspel frå salen.

Seminaret er del av prosjektet «Kva er eit berekraftig kosthald, og kven skal vi tru på», eit prosjekt i regi av Lom folkebibliotek, støtta av Stiftelsen Fritt Ord.

Til seminaret har vi invitert foredragshaldarar frå ulike fagfelt og med ulik erfaringsbakgrunn. Dei tek for seg kva som er meint med berekraftig kosthald. Kva er sunt? Kva er trygt? Kva er berekraftig? Korleis ser det ut frå bonden sin ståstad? Og frå kokkens? Korleis står det til med sjølvforsyninga og norsk matpolitikk?

Foredragshaldarane er:
Helle Margrete Meltzer (FHI): «Hva er bærekraftig mat ... egentlig»
Lene Frost Andersen - (Nasjonalt råd for ernæring):
«Er sunn mat det samme som bærekraftig mat?»
Helle Katrine Knutsen (FHI): «Er maten vi spiser trygg?»
Espen Løkeland-Stai (forfattar av «Mellom bakkar og kjøttberg»): «Sjølvforsyning og berekraftig matproduksjon: Mission (im)possible»
Hallvard Helland (Oppland Bonde- og Småbrukarlag): «Framtidas bonde»
Arne Brimi (kokk): «Kokken sine tankar»
Marte von Krogh (Matvalget): «Hvordan jobber Matvalget med å fremme en ny standard for offentlig måltidskultur - og hvilke matvalg kan vi alle ta for å bidra til et mer bærekraftig matsystem i Norge?»
Paneldebatt leia av Astrid Bjerkås, Helsedirektoratet.

Spørsmål knytt til mat og berekraft er noko som opptek oss og angår oss alle. Vi håpar at mange nyttar høvet til å få med seg seminaret. Vi synest det er flott å kunne samarbeide med ein kompetanseinstitusjon som Folkehelseinstituttet og samle nokre av våre fremste fagfolk til seminar her i Lom der mat og matkultur står sterkt. Vel møtt!

16.30-17.00: Enkel servering i foajeen i Utgard
17.00-19.15: Foredrag og paneldebatt
19.30: Middag på BrimiBue for dei som ynskjer (OBS få plassar på middagen. Påmelding innan 24. mai)
Pris seminar: 300 kr
Tre-rettar på BrimiBue: 725 kr

Billettar til seminar og middag