Sigri Sandberg - om oppbrot og om å ro Sognefjorden heim

Bilde av Sigri Sandberg og boka Ro. Sigri gjestar biblioteket torsdag 21. september kl. 19.00. - Klikk for stort bilde

Journalist og forfattar Sigri Sandberg gjestar biblioteket torsdag 21. september. 

Sigri Sandberg var ei rastlaus tobarnsmor som budde fleire stader. Med ei hanglande verd og sjukdom og død i nær krets, voks uroa. Sigri lengta etter ro og bestemte seg for å ro Sognefjorden, verdas lengste farbare fjord. Der rodde ho over 20 mil i ein gammal trebåt. Forteljinga om roturen vart til boka «Ro», ei forteljing om vår lengste fjord – og om eit forsøk på å finne heim.

Sigri har òg delteke i «Der ingen skulle tru at nokon kunne bu» saman med mannen Steinar Rorgemoen. Der fortalde dei om sine livsendrande val og eit nytt tilvære på ein veglaus eplegard i Sogn.

Torsdag 21. september kl. 19.00 kjem Sigri til biblioteket for å fortelja historia si om oppbrot og om eit forsøk på å finne ro.

Arrangementet inngår i prosjektet «Forteljingar om flukt», eit prosjekt støtta av Stiftelsen Fritt Ord.