Sjakkveld og Litterær lønsj med Lahlum

Bilde av Hans Olav Lahlum - Klikk for stort bilde

Neste veke får vi besøk av Hans Olav Lahlum. Lahlum er historikar, biograf, krimforfattar, sjakkspelar, politikar og kjend for dei fleste. Torsdag 11. mai kl. 17.00 arrangerer vi sjakkveld der sjakkekspert Lahlum vil gje tips og inspirasjon til korleis du blir ein betre sjakkspelar. Store og små, nybegynnarar og vidarekomne, er velkomne til å delta. Dette er eit arrangement i samarbeid med ungdomskonsulenten i Lom. Påmelding til biblioteket innan 8. mai. 

Fredag 12. mai kl. 11.30 inviterer vi til Litterær lønsj med Lahlum. Han er ein drivande dyktig forteljar og formidlar, og på Litterær lønsj får han frie tøyler til kva han vil fylle tida med. I tillegg til hjerneføde, byr vi på vårlønsj levert av kjøkkenet på Lom helseheim. Inngang: 150 kr. Påmelding innan 10. mai. 

I tillegg skal Hans Olav Lahlum vera gjesteforelesar på den vidaregåande skulen i Lom. Mange kan gle seg til å oppleva den kunnskapsrike og engasjerande formidlaren neste veke. 

Velkomne til å delta på arrangementa våre.