Utlån på topp 2022

Min skyld. En historie om frigjøring - Klikk for stort bilde

Min skyld. En historie om frigjøring av Abid Q. Raja, Jente, 1983 av Linn Ullmann og Simon Strangers 304 dager var dei tre mest utlånte bøkene for vaksne i Lom i 2022. For barn og ungdom trona Harpa av Audhild A. Solberg på topp følgd av to teikneseriar, Malin Falchs Trollriket og Fimbulvinter av Odin Helgheim.

Blant dei 25 mest utlånte bøkene for vaksne i 2022 finn vi heile 19 bøker av norske forfattarar. Forfattarbesøk ser ut til å ha slått positivt ut for utlånet. Både Abid Raja, Simon Stranger og Leif Ekle gjesta oss i fjor og har bøker blant dei ti mest utlånte. Elles er vi tilfredse med å finne to debutromanar, Fyrstene av Finntjern av Lars Elling og Fiskehuset av Stein Torleif Bjella, og ein sakprosadebut, Olgas bok. Et stille liv i arbeiderklassen av Leif Ekle, blant ti på topp.

For barn og ungdom ser også forfattarbesøk ut til å påverke utlånet. Audhild A. Solberg gjesta 6. klasse under Diktardagar og har to på lista over dei mest utlånte. Elles er Nordlys-serien til Malin Falch dei mest populære bøkene av all. Heile fem bøker frå serien er med blant dei mest utlånte i 2022. I det heile er teikneseriar populært blant dei yngste lesarane. Det same er bøker om fotball, hestar og humor. 

Utlån på topp for vaksne 2022
Abid Q. Raja: Min skyld. En historie om frigjøring
Linn Ullmann: Jente, 1983
Simon Stranger: 304 dager
Valérie Perrin: Å vanne blomster om kvelden
Guzel Jakhina: Zulejkha åpner øynene
Lucinda Riley: Mordene på Fleat House
Leif Ekle: Olgas bok. Et stille liv i arbeiderklassen
Lars Elling: Fyrstene av Finntjern
Stein Torleif Bjella: Fiskehuset
Trude Teige: Morfar pustet med havet

Utlån på topp for barn/ungdom 2022
Audhild A. Solberg: Harpa
Malin Falch: Trollriket
Odin Helgheim: Fimbulvinter
Malin Falch: Reisen til Jotundalen
Dina Norlund: Snøkattprinsen
Heidi Linde: Ole Gunnar Solskjær
Odin Helgheim: Fenrisulven
Guinness world records 2022

Ingelin Røssland: Falske fakta
Malin Falch: Stjerna. En historie fra Nordlys