Utsending av meldingar frå biblioteket

Vi er omsider i gang med utsending av hente- og purremeldingar frå biblioteksystemet.

Plakat Orsak - Klikk for stort bilde

Etter at vi skifta til nytt biblioteksystem i november, har det ikkje blitt sendt ut purremeldingar frå biblioteket. Hentemeldingar har vi sendt ut manuelt på sms. Nå er e-postfunksjonen i orden, og i natt vart alle purremeldingar som låg i systemet, sendt ut. Også purringar på lærebøker og utlån som går fleire år attende i tid, vart purra, og 1. og 2. purring på same materiale vart sende på same tid. Vi ber lånarane sjå bort frå purringar på lærebøker og på materiale som er lånt for fleire år attende. Så håpar vi at meldingar frå det nye systemet vil koma til rett tid og at det vil fungere som det skal heretter. Det blir jobba for å få på plass ei løysing for utsending av meldingar på sms også. Vi vonar at dette vil fungere i nær framtid. Vi orsakar bryet det skapar med purremeldingane som ikkje skulle blitt sendt.