Wild Life on the Fjelds of Norway 29. januar

Plakat til arrangementet Wild Life on the Fjelds of Norway - Klikk for stort bilde

Engelskmannen Fancis Merric Wyndham fortel i boka «Wild Life on the Fjelds of Norway» om reisa han gjorde i Noreg i 1859. På reisa hadde han eit opphald i Lom og Jotunheimen. Her møtte han jegerlegenden Jo Gjende og var med han i fjellet eit par vekes tid.

Foredragshaldar Ole Kristian Ødegård har laga eit bildeforedrag basert på Wyndhams bok. Måndag 29. januar fortel han om Wyndhams møte med Jo Gjende, om ei vakker seterjente frå Lom, om da han fekk smake gammalost i Bøverdalen og om reinsjakt i Jotunheimen.

Lom folkebibliotek 29. januar kl. 19.00.
Inngang: 150 kr