Lom friviljugsentral

Lom Friviljugsentral er ei stifting eigd av Lom Kommune, Lom Helselag og Lom og Bøverdalen Røde Kors.


                                                

Målsettinga er å vere eit knutepunkt for friviljug innsats i nærmiljøet. Friviljugsentralen ynskjer å gje fleire høve til å delta på arrangement i bygda, heve statusen til dei friviljuge, og vere eit supplement til offentleg verksemnd. Det er lange tradisjonar i bygda når det gjeld å ha omsorg for kvarandre. Samarbeidspartar er friviljuge, flyktningtenesta, NAV, vaksenopplæringa, Lom Helseheim, Lom folkebibliotek, med fleire.  

Føresetnadane for å få varige og gode tilbod:

  • Stor interesse frå folk i bygda. 
  • Lågterskeltilbod, alle som vil kan møte.
  • Uformelle grupper.
  • Friviljuge tek ansvar for grupper.
  • Dagleg leiar set i gang tiltak, og koordinerer dei.        

Friviljugsentralen treng fleire friviljuge. Ta kontakt med oss! Du er velkomen innom i Drengjestugu, for ein uforplikta prat og kaffe. Velkomne innom!

Lom Friviljugsentral Ella Hoel

Artikkelliste

Kontakt

Weronika Mokrzecka
Dagleg leiar Lom friviljugsentral
Telefon 901 82 957
Mobil 901 82 957

Opningstider

Måndag til fredag: kl.09.00-15.00

Lom friviljugsentral på facebook!

Adresse

Midtgard, Sognefjellsvegen 6,
2686 Lom
Besøksadresse:
Drengjestugu, Bergomsvegen 31