Viktig melding

Lom kommune er igang med Friskus aktivitetskalender!

Synleggjer din aktivitetar på lom.friskus.com - Klikk for stort bilde

Nå kan næringsliv og friviljuge lag og organisasjonar synleggjere arrangement og aktivitetar på ei felles side. 

Opprett ein arrangørprofil på lom.friskus.com og bli med du og! 

Lurar du på noko? Ta kontakt med kultur- og informasjonsavdelinga i Lom kommune: redaktor@lom.kommune.no 

Bli hjå oss

Dei tre gode naboane Skjåk, Lom og Vågå har fått midlar frå Innlandet fylkeskommune for å jobbe med nettverksbygging, bulyst og hindre fråflytting. Prosjektet går over tre år, og har fått namnet Bli hjå oss.

Bli hjå oss handlar å auke bulysta i Ottadalen. Både for dei som har budd her heile sitt liv og for dei som er tilflyttarar. Fråflyttinga frå området tydar på at ikkje alle opplever like stor "bli-lyst". Tilflyttingsstatistikken hjå kommunane viser at det ofte er tilflyttarar som flyttar ut att. Det er mange årsakar til det, men vi veit at manglande inkludering og integrering er ein del av bildet. Det kan vere utfordrande å komme flyttande til ein ny plass utan nettverk. Og dette er kanskje enda meir utfordrande i små samfunn slik som kommunane i Ottadalen. Eit godt nettverk er også viktig for dei som bur i bygdene slik at dei trivst og blir verande her.

«Bulyst handlar om tilhørigheit og er viktig for trivsel, samhold og livskvalitet. Det kan fungere som ein katalysator for frivillig arbeid, hindre fråflytting, fremme innovasjon og livskvalitet. Eit av Innlandets tre utviklingsmål er "Levende lokalsamfunn med bærekraftige byer, tettsteder og bygder".  

Lokalsamfunn skal vere trygge, robuste og inkluderande. Aktivitetstilbod og tilgang til gode møteplassar er føresetnadar for inkludering. Dette kan bidra til at fleire vel å bli buande eller kjem flyttande til Ottadalen.»

Aktivitetane som skal gjennomførast i det 3-årige prosjektet er:

  • Å skape nye møteplassar
  • Å lage ein felles aktivitetskalender der alle tilboda i dei tre kommunane er synlege 
  • Utvikle eit levande nettverk for innbyggjarane, både til- og heimflyttarar, flyktningar og lokale som vil utvide nettverket sitt

Følg med her på kommunen si nettside eller bli med i Facebook-gruppa vår, Bli hjå oss i Ottadalen, for løpande informasjon om aktivitetane.

Bli hjå oss i Ottadalen - Klikk for stort bilde


 

Kontakt

Linda Anette Sund
Vikar bygdeutvikler og bustadkonsulent
Telefon 966 10 135
Åshild Myhre Amundsen
Næringssjef og landsbykoordinator
Telefon 975 22 977

Kontorstad: Midtgard, 3. etasje