Viktig melding

Brøyting vinteren 2024/2025

For å melde inn attendemeldingar på strøing, brøyting og/eller anna som gjeld kommunale vegar, ta kontakt med entreprenør Reidar Andersbakken AS på vakttelefon: 480 87 527.

 

NY RENOVASJONSORDNING FRÅ 2025

Frå 01.01.2025 vart det ny renovasjonsordning. Meir om dette finn du her. 

 

Tessefondet - søk om tilskot til tiltak innan fisk, vilt og friluftsliv!

Som følgje av Tessereguleringa er det oppretta eit fond - Tessefondet. Her kan friviljuge lag/organisasjonar og privat næringsliv søkje om tilskot til tiltak som kjem inn under området fisk, vilt og friluftsliv.

Vilkåret for å søkje tilskot frå Tessefondet er at tiltaka kjem allmennheita til gode.

Midlane skal fortrinnsvis nyttast til investeringar og til arrangement/ aktivitetar som stimulerer til auka interesse og kunnskap om fisk, vilt og friluftsliv.

I særskilte tilfelle kan midlar frå fondet nyttast til driftstiltak.

Tiltak i vassdragsavsnitta som er direkte påverka av Tessereguleringa og nærliggande område innanfor Garmo sokn skal prioriterast.

Du kan lese vedtektene for fondet her. (PDF, 360 kB)

Søknadsfristen er 1. mars 2024, og søknadar kan sendast til post@lom.kommune.no.
Kontakt Sander Sælthun på sander.saelthun@lom.kommune.no / 474 63 218 om du har spørsmål.

 

Artikkelliste

Kontakt

Sander Sælthun
Plan- og miljøvernrådgjevar
Mobil 474 63 218