Kva gjer flyktningtenesta
Flyktningetenesta har ansvaret for introduksjonsprogrammet, og tenesta sitt mål er å sørgje for at alle får den bistanden som krevst for god etablering i eit nytt land.
Tenesta gjev praktisk burettleiing og er eit viktig kontaktpunkt for flyktningane. Tenesta yter rettleing og integreringsarbeid generelt i lokalsamfunnet. Elles er arbeidsoppgåvene mange og varierte, og ein arbeider tverrfagleg som eit kontaktledd mellom flyktningane og andre samarbeidspartar. Målet er å følgje opp kvar einskild flyktning på best mogleg måte.
Busetting av flyktningar
Lom kommune busett flyktningar som har fått opphaldsløyve, etter avtale med Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDi). Kommunen har ansvar for å skaffe bustad til flyktningar som (IMDi) ber kommunen om å busette. Det er bustadgruppa i Lom kommune i samarbeid med flyktningetenesta som finn eigna bustad.
Familiegjenforening/familieinnvandring
Flyktningtjenesten kan gi veiledning til dem som er familiegjenforent med en flyktning. Flyktninger får informasjon om hvilke rettigheter og plikter som følger med sin oppholdsstatus. Ta kontakt om du lurer på om du har rett og plikt til introduksjonsprogram.
Introduksjonsprogram
Introduksjonsprogrammet er eit opplærings- og kvalifiseringstilbod til nykome flyktningar i aldersgruppa 18-55 år. Målsettinga er at deltakarane skal bli økonomisk sjølvstendige gjennom utdanning og arbeid. Programmet inneheld faga norsk og samfunnskunnskap, samt yrkesretta språkpraksis og andre tiltak som førebur til vidare opplæring eller tilknyting til arbeidslivet. Programmet inkluderer også kompetansekartlegging, livsmestringskurs og foreldrerettleiing.
Statistikk
Sjå statistikk over busette flyktningar (imdi.no)