Leirskule

Har du tenkt over kor mykje eit leirskuleopphald er verd for kvar elev, lærar og klassemiljø?

Gjennom vår-, haust- og vintersesong byr Jotunfjell leirskule på eit variert og spennande aktivitetsprogram. Elevar får prøve seg på tur til Galdhøpiggen, brevandring, rappellering og utforsking av spanande kalksteinsgrotter! Naturkjennskap, fjellvett, dyreliv og førstehjelp er sentrale tema gjennom heile veka. Om vinteren har vi mykje skileik og skiskule, snøhulegraving, demonstrasjon med redningshund og flotte skiturar i vinterfjellet. På toppen får du mange flotte meistrings- og naturopplevingar saman med venene dine, gjennom ei sosial og lærerik leirskuleveke.

Ei leirskuleveke gjev store moglegheiter for klassen til å lære å samarbeide på ein ny måte i eit nytt miljø. Klassen deler opplevingar og inntrykk på ein måte som er vanskeleg å få til i den ordinære skulekvardagen.

Naturen i høgfjellet byr på særs spesielle opplevingar dei ulike årstidane.

Velkomen til Jotunfjell leirskule! 

Gå til Jotunfjell leirskule si nettside

Leirskuleelevar på toppen av Galdhøpiggen. - Klikk for stort bildeJotunfjell leirskule på Galdhøpiggen Jotunfjell leirskule

Kontakt

Jostein Aakre
Leirskulelærar/administrerande lærar
Mobil 911 72 286
Bjørg Lund
Leirskulelærar
Mobil 480 43 553
Knut-Erik Tessnes
Leirskulelærar
Mobil 997 43 221

Adresse

Postadresse/fakturaadresse

Jotunfjell leirskole
Øvre Ulstadveg 26
2686 Lom

E-post: post@jotunfjell.no

 

Leirskulestad

Raubergstulen turisthytte
Galdhøpiggvegen 460
2687 Bøverdalen