I denne saka finn du retningsliner for å innvilge permisjon frå opplæringa i grunnskulen i Lom.
Retningsliner
- Skuleplikt
§2-1 i opplæringslova heimlar rett og plikt til grunnskuleopplæring:
Barn og unge har rett og plikt til grunnskuleopplæring.
Grunnskuleopplæringa skal til vanleg ta til det kalenderåret barnet fyller 6 år. Retten og plikta varer til eleven har fullført det tiande skuleåret.
Dersom ein elev utan å ha rett til det har fråvære frå den pliktige opplæringa, kan foreldre eller andre som har omsorg for eleven, straffast med bøter dersom fråværet kjem av at dei har handla forsettleg eller aktlaust.
- Permisjon frå opplæringa
§ 2-11 i opplæringslova handlar om permisjon frå den pliktige opplæringa:
Når det er forsvarleg, kan kommunen etter søknad gi den enkelte eleven permisjon i inntil to veker.
Elevar som høyrer til eit trussamfunn utanfor Den norske kyrkja, har etter søknad rett til å vere borte frå skulen dei dagane trussamfunnet deira har helgedag. Det er eit vilkår for retten at foreldra sørgjer for nødvendig undervisning i permisjonstida, slik at eleven kan følgje med i den allmenne undervisninga etter at permisjonstida er ute.
- Skuleruta
Skuleruta blir vedteken i god tid før oppstart av kvart skuleår. Skuleruta viser dei obligatoriske elevdagane og når dei ulike feriane og evt. fridagar for elevane er lagt inn. Heimane blir oppmoda om å bruke skuleruta ved planlegging av familiane sine ferieopphald og reiser, for at elevane i størst mogleg grad skal kunne gjennomføre dei obligatoriske skuledagane sine.
Det kan likevel gjevast permisjon i skuletida for elevane når det er grunngjeve i samsvar med pnkt. 5.
Det blir berre unntaksvis gjeve permisjon på dagar med eksamen, tentamen og nasjonale prøver. Det same gjeld dei to fyrste vekene etter skulestart.
- Søknad
Det skal sendast skriftleg søknad om permisjon frå den obligatoriske undervisninga til rektor ved eleven sin skule for permisjon ut over 1 dag. Søknad skal sendast seinast to veker før permisjonsdato. Det skal brukast eige skjema som er tilgjengeleg på kommunen si heimeside, eller som ein kan få ved å kontakte skulen.
Rektor kan gje permisjon i inntil to veker (10 skuledagar) med heimel i opplæringslova § 2-11. Dersom føresette likevel vel å ta eleven ut av skulen utover to veker, er eleven i juridisk forstand skreven ut av skulen. Det er da ansvaret til dei føresette å sørge for at eleven får grunnskuleopplæring.
- Eleven kan få permisjon av følgjande grunnar
(Grunngjeving må kome fram i permisjonssøknaden)
- Viktige velferdsgrunnar
- Ved lang reise til foreldre/føresette som eleven ikkje bur saman med.
- Ferieopphald saman med familien når ein ikkje får lagt ferien til skulen sine ordinære feriar. Skulen tilrår at reiser blir lagt til feriane då mange elevar slit med å ta att det forsømte etter langt fråvær.
- Deltaking i større idretts- og kulturarrangement.
- Helgedagar i andre trussamfunn, jf pnkt 2.
- Andre særlege tilhøve.
- Skulearbeidet
Heimen/føresette er ansvarleg for at avtala/pålagt skulearbeid blir gjort under fråværet, og må hjelpe til med dette. Det må takast kontakt med skulen for i samråd med lærar å få ein plan for kva elevgruppa skal arbeide med i den tida eleven har permisjon. Eleven kan ikkje rekne med å få gjennomgå stoff som det er gjeve opplæring i under permisjonen.
Det er eit vilkår for permisjon at foreldra sørgjer for nødvendig undervisning i permisjonstida, slik at eleven kan følgje med i den allmenne undervisninga etter at permisjonstida er ute. (Opplæringslova § 2-11)
- Klage på avslag
Etter forvaltningslova § 28 er det høve til å klage på vedtaket om permisjon. Evt. klage skal fremjast skriftleg til den som har fatta vedtaket innan 3 veker etter at brev om vedtak er motteke. Av klaga må det gå fram kva saka gjeld, kva det blir klaga over og evt. andre opplysningar som kan ha innverknad på den vidare handsaminga.
Når du har lese og forstått desse punkta, kan du gå til skjema for søknad om permisjon.
Sist endret 20.01.2023 13.40