Kommunen er oppmålingsmynde og har ansvaret for å halde oppmålingsforretning. Styrar av kartforretninga går opp grensene i marka saman med dei av dei involverte partane som har møtt opp til oppmålingsforretninga. Det skal førast protokoll frå forretninga og grensene blir merkte og målt nøyaktig opp.
Det er ikkje kravd at alle partar må møte. I sakar der ein har synspunkt om korleis grensa skal gå eller har anna synspunkt som bør takast opp i oppmålingsforretninga er det tilrådd at man møter eller sender stadfortredar med fullmakt.
Etter oppmålingsforretninga oppdaterer kommunen eigedomsregisteret (matrikkelen) og sender ut matrikkelbrev til heimelshavarar av dei matrikkeleiningane som har blitt endra. Matrikkelbrevet viser historikk, heimelsinformasjon, bygningsinformasjon, grenser, grensepunkt med koordinatverdiar og kvalitetsinformasjon, samt kart. Vi tilrår at nye matrikkeleiningar og arealoverføringar tinglysast. For oppmålingsforretning som berre dreier seg om påvising av eksisterande eigedomsgrenser og grensejustering, er det ikkje vanleg med tinglysing av oppmålingsforretninga.