Pågåande byggeprosjekt Her vil du få informasjon og oppdateringar om pågåande byggeprosjekt i regi av Lom kommune. Tilrettelagte bustader på LientomtaKommunen har inngått kontrakt med Flåklypa maskin AS for riving og sanering av bygga på Lientomta, Røyskattlia 18. Bygga skal vera ferdig rive innan 31. oktober.Byggestart for dei tilrettelagte bustadane er venta sommaren/hausten 2026. Eksakt tidspunkt for ferdigstilling er ikkje klart per no, men det er venta at prosjektet blir fullført i løpet av 2027.Utsnitt frå planskisse:Lom helseheimPå helseheimen i Lom skal det oppførast nytt bygg med m.a. nye institusjonsplasser, nytt dagsenter, i tillegg til at delar av eksisterande byggemasse bli renovert og optimalisert. Tidsramme: Byggjestart august 2024, med venta ferdigstilling hausten 2026.Brun Bygg er totalentrepenør, og har følgjande underentrepenørar:Ottadalen elektroMedby ASLillehammer ventilasjonS. Skaansar & sønnPre-Con Informasjon knytt til parkering i byggeperioda: Oppdatering frå grunnarbeidet, veke 39:Oppdatering frå stål- og betongarbeidet, veke 46:Sjå timelapse-video frå byggestart i august, til og med 9. desember:Video om Nordplan si rolle i prosjektet - veke 51:Video om produksjon og montering av ytterveggselement med Brun Bygg (veke 8-11):Timelapse-video av nybygget ved helseheimen, aug23 til april25:Biletegalleri: Reasfaltering og istandsetjing ved UtgardI løpet av sommaren vil det bli gjennomført reasfaltering og istandsetjing av uteområdet ved Utgard fleirbrukshus. Arbeidet omfattar plassen framfor hovudinngangen og gjenoppbygging av steinbed.Stian Brenden Maskinservice AS står for gjennomføringa, og arbeidet blir utført i løpet av juli og tidleg i august. Sjølve asfalteringa vil skje i veke 32, og vere ferdig før skulestart.I anleggsperioden kan det bli noko påverknad på tilkomst og bruk av området. Alternative adkomstruter vil bli skilta.Kart over utbetringsområdet ved Utgard. Skjermdump Publisert 30.09.2024 13.33