Skiltvedtekter i LomSkiltvedtektene for Lom kommune er ein del av Kommunedelplan for Fossbergom, punkt 2.7.4., og har rettsverknad etter plan- og bygningslova §11-6 og §11-9 punkt 5. I Lom kommune er dette søknadspliktig:Alle reklameinnretningar som er større enn 0,75 m²Flaggstenger og permanente bannerar Tilvisingsskilt Gå til skiltvedtektene for Lom kommune. (PDF, 702 kB)SøknadsskjemaSkilt over 0,75 m² må ha godkjenning frå kommunen, noko som krev byggeløyve med nabovarsling.Skjema som kan nyttast i prosessen finn du på Direktoratet for byggkvalitet si nettside. Sjå etter følgande skjema:Skjema 5153 (dette ligg under Tiltak uten ansvarsrett)Skjema 5154, 5155, og 5156 (desse ligg under Nabovarsel for mindre byggeprosjekter garasje, tilbygg, bod og bruksendring)Ta kontakt med byggesaksbehandlar dersom du har spørsmål. Sist endret 30.09.2024 08.44