Stønad til skredfarevurdering

I regelverket for bruk av næringsfondet (godkjent 7.7.2017) har Lom kommune vedteke at næringsfondet kan brukast til å gi tilskot til skredfarevurderingar som private aktørar må gjennomføre. Reglane for ordninga og korleis du kan søkje om tilskot kan du lese om under.

Stønad til skredfarevurdering for private aktørar

Dette står i regelverket:

"I byggjesaker for vidare utvikling av etablerte bebygde eigedommar kan tiltakshavar søkje kommunen om tilskot for medfinansiering av fagleg skredfarevurdering utført av geolog. Eit eventuelt tilskot er avgrensa til maksimalt kr. 10.000 pr. søkjar, og kan ikkje utgjere meir enn 25% av dokumentert kostnad. Enklaste førebyggande tiltak er å unngå bygging i registrerte fareområde. Tilskot for å avklare moglegheiter for nyetablering i slike område kan ikkje påreknast".

Val av geolog/selskap er opp til tiltakshavar, men det må vere selskap som har tilstrekkeleg fagkompetanse. Det er berre eksterne kostnadar som blir dekt (ingen eigeninnsats).

Kva skal søknaden innehalde?

Søknaden må innehalde desse opplysningane:

  • Gards- og bruksnummer
  • Kva slags eigedom det er snakk om (driftsbygning, bustadhus, seter eller liknande). For å få tilskot  eigedom vere bebygd frå før.
  • Kontonummer som tilskotet skal utbetalast til
  • Fakturadokumentasjon og kven som har gjennomført kartlegginga. Tilskotet blir utbetalt etter at skredfarekartlegginga er gjennomført.
  • Om rekninga har vorte betalt gjennom ei bedrift som har frådrag for inngåande moms, eller om den er betalt som privatperson.

Ynskjer du å søkje om tilskot? Da må du sende ein enkel søknad på e-post til post@lom.kommune.noeventuelt levere søknaden i servicetorget på Midtgard eller sende den til Lom kommune, Sognefjellsvegen 6, 2686 Lom.
Merk e-posten/dokumentet med «Søknad om tilskot  til skredfarevurdering».

Ta gjerne kontakt med næringssjefen dersom du har spørsmål.
 

Kontakt

Åshild Myhre Amundsen
Næringssjef og landsbykoordinator
Telefon 975 22 977

Kontorstad: Midtgard, 3. etasje