Om området:
Bustadfeltet Leirmoskog ligg i Bøverdalen, omtrent ein halvtimes køyretur frå Lom sentrum langs Fylkesveg 55 (Sognefjellsvegen). Her bur du tett på både Jotunheimen og Breheimen nasjonalpark, i tillegg til kort avstand til m.a. Galdhøpiggen Sommerskisenter.
Det er matbutikk like i nærleiken (Coop Marknad på Galdesand). Når Sognefjellet er opent (omtrent mai-november) er det kort veg over til nabokommunen Luster og det flotte fjordlandskapet i Sogn. Bøverdalen er særleg populært for turistar i vårski- og sumarsesongen.
Barnehage, barneskule, ungdomsskule og vidaregåande skule finn du ein halvtime unna, i Lom sentrum (Fossbergom). Telenor har bygd ut fiber i området.
Praktisk informasjon:
Feste- eller sjølveigartomter. Pris ved kjøp kr 15,00 pr kvm. Refusjon tomteteknisk arbeid etter fastsett sats. Ledige byggjeklare tomter nr 6 og 7.
I samband med VA-utbygging, vil det bli lagt opp til fire nye tomter i Leirmoskog. Dette er under planlegging, ta kontakt med kommunen dersom du er interessert.
Planlagte tomter Leirmoskog
Planlagde tomter Leirmoskog. Oppteinka liner er berre omtrentlege.
Ola Ø Rossehaug
I samband med VA-utbygging, vil det bli lagt opp til fire nye tomter i Leirmoskog, sjå bilde(kun som illustrasjon)
Om Lom kommune:
Vakre Lom ligg i Nord-Gudbrandsdalen i Oppland Fylke, og grensar til Vågå, Skjåk, Luster, Vang og Lesja. Kommunen har eit areal på 1945 km2, og rundt 2340 innbyggjarar.
Lom er den mest typiske fjellkommunen i Noreg, med 135 eigne toppar og 23 grensetoppar over 2000 moh. Rundt 60% av arealet i Lom er verna og kommunen har m.a. tre nasjonalparkar (Breheimen, Jotunheimen og Reinheimen). Sentrum fekk status som nasjonalparklandsby i 2008. Fossbergom er kjent for å vere eit triveleg handelssentrum, og har også lange tradisjonar innan reiseliv og landbruk. Heile Ottadalen er eit eldorado for deg som er glad i natur og friluftsliv, men det finst også eit overraskande stort tilbod innan kultur- og idrett.