Viktig melding

Lom kommune er igang med Friskus aktivitetskalender!

Nå kan næringsliv og friviljuge lag og organisasjonar synleggjere arrangement og aktivitetar på ei felles side. Dette gjer det mykje enklare for deg som innbyggjar å få oversikt på kva som skjer. 

Gå til lom.friskus.com

Er di bedrift, lag eller organisasjon arrangør av noko i Lom? Da kan du opprette ein arrangørprofil, og legge ut arrangementet ditt heilt gratis!

Hyttetomter

I Lom kommune er det få område som er regulert og lagt til rette for bygging av hytter og fritidsbustader. Etter kommuneplanen er oppføring av ny eller vesentleg utviding av eksisterande fritidshus ikkje tillate utanom område avsett til formålet i plan. Innan området Galdesand-Raubergstulen, som er utpeikt som satsingsområde for reiseliv/næringsutvikling, er det gjennom kommunedelplan og reguleringsplanar lagt til rette for bygging av fritidsbustader.

Regulerte hyttefelt i område Galdesand - Raubergstulen.

Innan området Galdesand-Raubergstulen, som er utpeikt som satsingsområde for reiseliv/næringsutvikling, er det gjennom kommunedelplan og reguleringsplanar lagt til rette for bygging av fritidsbustader. Det er her regulert tre private felt: Tjønnbakken hytteområde - 12 tomter. Saltsletta hytteområde - 30 tomter. Galdhøpiggen høyfjellshytter - 27 tomter. Dette er tomter med krav om tilknyting til offentleg avlaup.

Regulert hyttefelt ved Liasætrin

Nedafor Liasætrin er det regulert eit hyttefelt for hytter av enklare standard, Blåfuruhaugen hytteområde, med 10 tomter.