Førehandsstemme heime og på institusjon

 

Er du sjuk eller ufør og ikkje kjem deg til vallokalet i førehandsstemmeperioden, kan du søke kommunen om å få stemme heime. Det held at du ringer kommunen og ber om å få stemme der du oppheld deg fordi du er sjuk eller ufør. Dersom du får lov til å stemme heime, kjem det valfunksjonærar frå kommunen heim til deg og tek imot førehandsstemma di der.

Viss du er i isolasjon eller karantene grunna Covid-19 så får du og røyste heime. 

Fristen for slike søknader er fredag 10. september 2021 kl. 10:00. Ta kontakt med kommunen.

Lom helseheim

Det blir mottak av førehandsstemmer på Lom helseheim tysdag 7. september 2021 kl. 11:00-13:00.