Manntalet

  

Står du i manntalet? 

For å kunne røyste ved haustens val til Stortinget må du stå i manntalet. 

Du kan undersøke om du står i manntalet for stortingsvalet i kommunen der du bur, når det blir lagt ut til ettersyn. 

Dersom du har flytta til ein annan kommune og folkeregisteret ikkje har fått melding innan 30. juni, står du framleis i manntalet i kommunen du flytta frå. Da kan du anten førehandsrøyste eller røyste på valdagen i kommunen du står i manntalet. 

I år blir valkorta sendt ut elektronisk til dei fleste i alle kommunar. Du finn det i di digitale postkasse. På valkortet står det kva kommune du er manntalsført, kva krets du høyrer til og kva opningstider kretsen har. Hugs å laste valkortet ned på telefonen og ta det gjerne med deg når du skal røyste. Du treng ikkje skrive det ut. Har du spørsmål, ta kontakt med kommunen. 

Dersom namnet ditt ikkje står i manntalet for stortingsvalet, eller du meiner det er andre feil i listene, kan du klage. Klaga skal vere skriftleg og grunngjeve. Send klaga til valstyret i kommunen. 

Manntalet er lagt ut til ettersyn i servicetorget på Midtgard. 

Send klage over feil i manntalet til: 

Valstyret i Lom kommune
Sognefjellsvegen 6
2686 Lom 

eller til

post@lom.kommune.no

Sametingsvalet

For å røyste ved sametingsvalet må du stå i valmanntalet til Sametinget. Alle veljarar som er registrerte i dette manntalet får eit eige valkort for sametingsvalet. Hugs å ta vare på kortet og ta det med deg når du skal røyste. 

Dersom du ikkjer har fått valkort for sametingsvalet, kan du kontakte Sametinget på telefon 78 47 40 00. Der vil du og få informasjon om kva som krevst og korleis du går fram om du vil krevje deg innført i valmanntalet til Sametinget. 

Dersom namnet ditt ikkje står i valmanntalet til Sametinget, og du har kravd å bli innført, eller dersom du meiner det er andre feil i listene, kan du klage. Klaga skal vere skriftleg og grunngjeve. Send klaga di til Sametinget.