Valstyre

 

Vallova seier at det i kvar kommune skal vere eit valstyre. Valstyret har ansvar for å førebu og gjennomføre val på kommunalt nivå. Valstyret skal veljast av kommunestyret sjølv. Valstyret er ansvarleg for å førebu og avvikle stortings- og sametingsval, kommunestyre- og fylkestingsval og eventuelle folkerøystingar.

Valstyret får fullmakt til val av røystestyre.

Formannskapet er valt som valstyre for inneverande kommunestyreperiode. Ordførar og varaordførar er leiar og nestleiar i valstyret.