Utfylling av listeforslag

Slik fyller du ut malen for innlevering av listeforslag til kommunestyre- og fylkestingsvalet 2019.

Valdirektoratet har utarbeida malar for innlevering av listeforslag til kommunestyre- og fylkestingsvalet 2019. Malane finner du i botnen av denne artikkelen. Det er ikkje eit krav at dei som stiller liste brukar desse malane, men den gjer det enkelt å oppfylle krava i valloven stiller til eit listeforslag. Bruk av malane lettar også arbeidet for valmedarbeidarar i kommunane og fylkeskommunane når dei skal handsame listeforslaga.

Ønskjer du heller å lage ditt eige skjema eller trenger du meir utfyllande informasjon?  Les vår fullstendige gjennomgang av krava til listeforslag og handsaming av disse i samsvar med valboka.

Resten av denne vegleiinga tar utgangspunkt i at malane frå Valdirektoratet blir brukt.

Formelle krav og fristar

Det er lurt å merke seg nokre formelle krav og fristar:

  • Alle parti og grupper som ønskjer å stille til val, må levere listeforslag til valstyret i kommunen eller fylkeskommunen dei ønskjer å stille til val i.
  • Frist for å levere listeforslaget er 31. mars kl. 12.00. På dette tidspunktet må listeforslaget ha kome fram til kommunen eller fylkeskommunen. Sidan 31. mars 2019 er ein søndag, er innleveringsfristen flytta til 1. april 2019 kl. 12.00.
  • Parti og grupper som ikkje kjem inn under reglane om forenkla handsaming, må samle inn eit visst tal underskrifter på listeforslaget frå personar med røyserett i det valdistriktet di skal stille liste.
  • Underskriftene er underlagt teieplikt og skal ikke bli offentliggjort
  • Ei oversikt over fødselsdatoane til kandidatane må følgje listeforslaget

Utvida og vanlege listeforslag

Grunna av kommune- og fylkesamanslåingar vil ein del kommunestyre og fylkesting få fleire representantar enn tidlegare. Valdirektoratet har derfor utarbeida utvida versjonar av mal for listeforslag. Merk at:

  • Underskrifter må stå på same ark som listeforslaget for å være gyldig. Bruk derfor tosidig utskrift når du skriv ut malen.
  • Dersom ei liste skal ha fleire underskrifter enn det som er mogleg å få inn i ein mal, må det trykkast opp fleire eksemplar av malen
  • Skriv ut utvida listeforslag i A3-format. Også på disse må det nyttast tosidig utskrift
  • Utvida listeforslag er utforma slik at arka kan brettast til vanlig A4-storleik etter utskrift

Utfylling av listeforslag

Malen består av to delar på den eine delen skal listekandidatar førast inn. Der skal følgjande stå:

  • Tittelen på listeforslaget
  • Kva for valdistrikt listeforslaget tilhøyrer
  • Kva for val listeforslaget gjeld for
  • Kandidatane som stiller til val

På den andre delen skal listeforslaget underskrivast. Den som skriv må føre opp:

  • Fullstendig namn
  • Bustadadresse med postnummer
  • Fødselsdato
  • Signatur

Alle som stiller listeforslag skal ha ein tillitsvald og ein varatillitsvald. Ved behov, skal dei tillitsvalde ha myndigheit til å forhandle med valstyret i kommunen eller fylkeskommunen om endringar på listeforslaget. Kven dette er, skal førast på listeforslaget:

  • Før opp «tillitsvald», eller «vara» ved namnet til vedkommande
  • Dette bør være dei to øvste underskriftene.
  • Dersom fleire underskrivarar skal fungere som tillitsvalde, med muligheit til å trekke tilbake listeforslag, bør dette også førast opp i listeforslaget. Kontaktopplysningar til dei tillitsvalde bør førast opp

Dersom listeforslaget ikkje er gyldig, skal valmyndigheita og listestillaren forsøke å få listeforslaget i samsvar med loven.

Malar for innlevering av listeforslag

Kommunestyrevalet med inntil 73 kandidatar (A4)

Kommunestyrevalet med inntil 84 kandidatar (A3)