Viktig melding

Lom kommune er igang med Friskus aktivitetskalender!

Nå kan næringsliv og friviljuge lag og organisasjonar synleggjere arrangement og aktivitetar på ei felles side. Dette gjer det mykje enklare for deg som innbyggjar å få oversikt på kva som skjer. 

Gå til lom.friskus.com

Er di bedrift, lag eller organisasjon arrangør av noko i Lom? Da kan du opprette ein arrangørprofil, og legge ut arrangementet ditt heilt gratis!

Vallokale og røystetider

Førehandsrøysting går føre seg på Midtgard, Servicetorget.

Ordinær førehandsrøysting skjer i tida 10.08. – 06.09. i opningstida til servicetorget kl 08.00 – 15.30.

Tidlegrøysting skjer frå 01.07. – 09.08. på Midtgard, Servicetorget, i opningstida på servicetorget kl 08.00 – 15.30.

Det blir og førehandsrøysting laurdag 31. august frå 10 – 14.

Institusjonsval ved Lom helseheim blir halde tysdag 03.09.2019, kl 11.00 – 13.00.

 

Ambulerande stemmegjeving («heimerøysting») blir halde torsdag 05.09.2019. Frist for å tinge heimerøysting blir sett til 03.09.2019 kl 14.00.