Viktig melding

Lom kommune er igang med Friskus aktivitetskalender!

Nå kan næringsliv og friviljuge lag og organisasjonar synleggjere arrangement og aktivitetar på ei felles side. Dette gjer det mykje enklare for deg som innbyggjar å få oversikt på kva som skjer. 

Gå til lom.friskus.com

Er di bedrift, lag eller organisasjon arrangør av noko i Lom? Da kan du opprette ein arrangørprofil, og legge ut arrangementet ditt heilt gratis!

Arbeidsgjevarkontrollen

Arbeidsgjevarkontrollen for Nord-Gudbrandsdal (AKNG) er felles for kommunane Dovre, Lesja, Lom, Sel, Skjåk og Vågå.

Regionen har om lag 20 000 innbyggjarar og 1 100 arbeidsgjevarar. AKNG utfører stadlege kontrollar hos arbeidsgjevarane med heimel i Skattebetalingslova. I tillegg er informasjon om regelverket på lønsområdet ein viktig del av arbeidsoppgåvene. Det er Vågå kommune som er arbeidsgjevarkommune for dei tilsette.