Startlån

Retningsliner for startlån i Lom kommune

(revidert etter endring i forskrift gjeldande frå 01.04.14)

Formål

Hovudformålet med startlån er å medvirke til at personer med langvarige bustadfinansieringsproblem skal få høve til å etablere seg og bli buande i nøkterne og gode bustader.
 

Kven kan få lån

Kommunen kan gje startlån til personar som ikkje får lån eller stort nok lån i ordinære kredittinstitusjonar.

Startlån er behovsprøvd og det skal leggjast vekt på om søkjar:

  •  Er forventa å ha langvarige problem med å finansiere eigd bustad 
  •  Har benytta moglegheita til sparing innanfor dei økonomiske moglegheitane søkjar si inntekt og nødvendige utgifter til livsopphald gjev.

Kommunen kan gje startlån i følgjande situasjonar for søkjar:

  • husstanden har barn eller særlege sosiale eller helsemessige utfordringar og hensynet til å sikre ein trygg, god og stabil busituasjon innan stutt tid taler for det
  •  husstanden har problem med å dekkja buutgiftene, og refinansiering med startlån kan bidra til at husstanden kan verta buande i eigd bustad
  • busituasjonen hindrar moglegheitane til å oppretthalde eit arbeidsforhald, eller hindrar utvikling av det lokale næringslivet eller
  • lånet bidreg til betre utnytting av kommunalt disponerte bustader.

Kan og omfatte: lågtlønna, einslege forsørgjarar, flykningar og utviklingshemma.

Kva kan det gjevast lån til?

Det er ein føresetnad at bustaden ikkje er vesentleg større enn eit nøkternt behov for den aktuelle husstanden og at den er rimeleg og nøktern i høve til prisnivået i området. Bustaden skal vera heilårsbustad og søkjaren sin husstand må sjølve bu i bustaden. 

Startlån kan ikkje gjevast til finansiering av utleigebustad. Startlån kan heller ikkje gjevast til landbrukseigedom med konsesjonsplikt (søkjarar skal da visast til SND/Innovasjon Norge).

Startlån kan nyttast til: 

  • kjøp av bustad, anten som topp- eller fullfinansiering
  • utbedring i høve til husstanden sitt areal- eller tilpasningsbehov
  • refinansiering av dyre lån dersom det resulterer i at husstanden får ein reell moglegheit til å bli buande i bustaden. Refinansieringa gjeld berre lån som er gjeve til bustaden. Det skal berre vera mogleg å få refinansiering ein gong. Sikkerheit for lånet skal liggje innafor bustaden sin marknadsverdi.

Kommunen kan gje ei skriftleg stadfesting på at lånesøkjar vil få startlån dersom søkjaren finn ein høveleg bustad etter husstanden sitt behov og betalingsevne. Førehandsgodkjenning er gyldig i 6 mnd med moglegheit for forlenging i spesielle tilfelle.

Kva kan det ikkje gjevast lån til?

  • kjøp og/eller utbetring av landbrukseigedomar
  • finansiering av utleigebustad
  • refinansiering av anna lån enn bustadlån

Du kan heller ikkje få startlån dersom:

  • du har gjeld til kommunen på grunn av tidlegare misleghald av bustadlån og /eller bustadtilskot eller økonomiske misleghald av leigetilhøve i kommunale bustader. I vurderinga vil det også leggjast vekt på betalingsmisleghald overfor andre kreditorar.
  • du ha søkt om gjeldsordning eller har inngått gjeldsordningsavtale jfr. Gjeldsordningsloven av 17.07.92.
  • du tidlegare har fått innvilga startlån til same husstand
  • du tidlegare har fått kjøpslån, oppføringslån, etableringslån eller bustadtilskot.

Gå til elektronisk søknadsskjema på Husbanken si nettside.

Under min side på Intrum.no finn du oversikt over låna.

Eit godt tips på tampen: Opprett avtalegiro inne på "min side" slik at du slepp å betala manuelt kvar månad!

Kontakt

Trude Slettom
Økonomikonsulent
Mobil 481 65 536

Ansvar for fakturering, purring og inngåande faktura. Kommunale bustadar.