1,7 millionar til kommunalt næringsfond i Lom

Nord-Gudbrandsdalen er tildelt 9,5 millionar ekstra til kommunale næringsfond. Av desse har Lom kommune fått tildelt 1,7 millionar. 
Målet med tilskotet er å fremme vekst og sysselsetting, for å redusere dei negative konsekvensane av Covid-19. 

Fylkesutvalet i Innlandet fylkeskommune behandla den 30.06.20 saka om fordeling av 65.6 millionar i ekstraordinære kommunale næringsfond.

Kommunane i Nord-Gudbrandsdalen fikk totalt ca 9,5 millionar fordelt på:

Dovre

kr. 1 780 040,-

Lesja

kr. 1 495 565,-

Skjåk

kr. 1 505 805,-

Lom

kr. 1 723 285,-

Vågå

kr. 1 535 550,-

Sel

kr. 1 550 635,-

 

Kommunane er svært glade for å kunne få denne moglegheita til å støtte næringslivet i ei vanskeleg tid. 

Målgruppa for midlane er bedrifter og næringsaktørar. Midlane skal nyttast til bedriftsretta støtte og til andre næringsretta tiltak som kommunane meiner er viktige for å motverke negative verknader av kornavirus utbrotet. Betydinga for arbeidsplassar, verdiskaping og økonomisk aktivitet skal vektleggjast.  

I vurderinga av søknadene om tilskot skal det leggas særlig vekt på:

  • I kor stor grad tiltaket fremmer auka aktivitet, sysselsetting og verdiskaping basert på lokale utfordringar
  • I kor stor grad bedriftsretta tiltak, tilskot til etablerarar og andre næringsretta tiltak antakas å motverke negative verkingar av Covid19 utbrotet
  • Kor raskt tiltaket kan settast i gang.

Midlane vil bli utlyst på www.regionalforvaltning.no så snart som mogleg, sannsynlegvis i august. 

P.S. På grunn av ferieavvikling kan det vere vanskeleg å få svar på spørsmål knytt til ordninga. 
Næringgsjefen er attende på jobb 3. august. Ta gjerne kontakt da dersom du har spørsmål. I mellomtida finn du meir informasjon om ordninga her: 

Kontakt

Åshild Myhre Amundsen
Næringssjef og landsbykoordinator
Telefon 975 22 977