8. mai: Ei verdig markering for fred og fridom

På frigjerings- og veterandagen 8. mai samla kring 200 innbyggjarar i alle aldrar seg til ei høgtideleg markering i Lom. Frå skuleborn til vidaregåandeelevar, frå korpsmusikarar til veteranar – alle var med på å heidre dei som har kjempa for fred og fridom.

Varaordførar Bjørn Ola Aukrust heldt hovudtalen og retta ein særleg takk til veteranane som har gjort teneste for fred og rettferd i konfliktområde. Han understreka viktigheita av å ta vare på dei som har opplevd krig og uro, og minna om håpet som ligg i fellesskap og samhald.

Det var jælma stas, sa Aukrust, og peikte på ungdomen som eit førebilete for dei vaksne.

Markeringa inneheldt diktlesing av ungdomsskuleelev Emilie Stenersen, fanfare frå korpset, og kransenedlegging til minne om dei falne. Til slutt vart «Til ungdommen» av Nordahl Grieg framført – ei sterk påminning om verdien av fred.

(Klikk på bileta for større versjon).

Klikk for stort bilde
Klikk for stort bilde
Klikk for stort bilde
Klikk for stort bilde
Klikk for stort bilde
Klikk for stort bilde
Klikk for stort bilde
Klikk for stort bilde
Klikk for stort bilde
Klikk for stort bilde
Klikk for stort bilde