Afterwork på Bakeriet i Lom

Korleis skal Lom bli ein enda betre plass å bu? Torsdag 4.mai kl 16-18 inviterer Lom kommune og Lev i Lom til pizza og diskusjon.

Afterwork - Klikk for stort bildeAfterwork

Er du ny i bygda og ynskjer å bli kjent med folk? Eller har du budd i Lom ei stund, men saknar fleire sosiale møteplassar?

Vi vil samle både nye og kjente fjes etter arbeidstid, derav namnet Afterwork. Saman skal vi drøfte korleis vi gjer Lom til ein endå betre plass å bu. Vi legg opp til ein workshop der vi gruppevis diskuterer ulike spørsmål. Håpet er at det kjem inn mange nye idear og forslag som vi kan arbeide vidare med! Lom kommune spanderer pizza, og du kjøper sjølv det du vil ha av drikke.

Program:

16.00-16.45: Pizza og prat

16.45-17.45: Workshop

17.45-18.00: Oppsummering

Med atterhald om endringar.

Inga påmelding, men sett deg gjerne på "skal" på arrangementet på Facebook, så vi har ei viss aning om kor mange vi blir.

Arrangementet er i regi av Lom kommune v/bygdeutviklar og næringssjef, og organisasjonen Lev i Lom som arbeider for å skape optimisme, samhald og vekst i Lom.

Kontakt

Hege Olimb Myhre
Bygdeutviklar og bustadkonsulent
Mobil 453 12 269