Aktive saman Lom

Klikk for stort bilde

Er du 67 år eller eldre? Kunne du tenkt deg å vore meir aktiv i eit sosialt fellesskap? Onsdag 24. april startar vi opp ei seniorgruppe for kvinner og menn. Det vil bli utandørs aktivitet med eit felles måltid etterpå. Det er ingen krav til fysisk form. Kom som du er! 

  • Pris: Gratis
  • Oppstart: Onsdag 24.04 og 10 veker framover.
  • Oppmøte: Ved flaggstonga på parkeringsplassen framfor Lom Helseheim kvar onsdag kl. 11:00.
  • Innhald: 30 min med utandørs aktivitet. Fysioterapeut vil være med som rettleiar av aktiviteten (om det er dårleg vær, er vi inne). Etter aktiviteten er det felles gratis måltid inne på kantina ved Lom Helseheim.
  • Måltid: Tradisjonsrik, enkel, sunn og helsefremjande mat.
  • Påmelding: Lom Fysioterapi – 48165520