Bandtvang - ei påminning

Lom kommune vil minne om at bandtvang for hund gjeld frå 1. april til 1. oktober.

Bilde av ein hund i band med eigaren sin. Eller kanskje er det ein hund som har eigaren sin i band?  - Klikk for stort bilde

Lom kommune vil minne om at over alt i kommunen der det finst beitedyr er bandtvang fram til 1. oktober, jamfør kommunal forskrift frå 2007 med heimel i hundelova. Det er unntak for m.a. dresserte gjetarhundar i arbeid, og jakthundar under lovleg jakt. Ved brot på bandtvangsreglane, ta kontakt med politiet.

Heile teksta kan du finne her

Kontakt

Sander Sælthun
Plan- og miljøvernrådgjevar
Mobil 474 63 218