Barnehagen i Garmo - av dei beste i landet!

I dag vart resultata av den årlege Foreldreundersøkinga i barnehage publisert - og barnehagen i Garmo har fått toppscore!  

I 2020 var det 127.879 foreldre over heile landet som deltok, og barnehagen i Garmo hadde ein svarprosent på 90%! 

Tema som blir teke opp er mellom anna barnets trivsel og utvikling, informasjon, ute- og innemiljø, bemanning og forholdet mellom barn og vaksne.  

Loar barnehage gjer det og bra i undersøkinga, og Lom kommune tykkjer det er stor stas at vi har så gode barnehagar i Lom! 

Gå til undersøkinga.