Barneskuleelevar om kvardagen i Lom

17. september bidrog sjette og sjuande klasse frå Loar skule i arbeidet med kommuneplanens samfunnsdel.

I arbeidet med planen er vi interesserte i å få inn synspunkt på og innspel til kva som er viktig for lomssamfunnet dei neste åra. Da dukkar det opp mange store og små spørsmål – og det er viktig for oss å få inn dei yngre sine stemmer i dette arbeidet.

Elevane skulle gjennom gruppearbeid svare på spørsmål knytt til inkludering og trivsel i Lom. Ikkje alt var like lett å svare på, og det er ikkje så rart. Like fullt kom det inn mange gode punkt:

  • Mange føler seg trygge på skulevegen, både når dei tek buss, går og syklar.
  • Vaksne må oppføre seg bra og vere høflege mot ungar.
  • Fleire etterlyser ein barne- og ungdomsklubb der det er triveleg å vere, med kafe og brettspel og høgtalarar og kanskje bilar å sitte i.
  • Mange seier det er bra at vaksne, både på skulen og på fritidsaktivitetar, er passeleg strenge. Da blir det lettare å få gjort det ein skal og det blir trivelegare. Dei må ikkje vere for strenge heller, for det kan føre til at ungar ikkje tør ta opp ting dei gjerne vil prate om.
  • Rimelegare fritidsaktivitetar slik at fleire kan vere med vil føre til mindre ekskludering.
  • Tilrettelegging for meir aktivitet på uteområdet på ungdomsskulen.
  • Kortare venteliste på kulturskulen.

Du kan lese meir om arbeidet med kommuneplanens samfunnsdel her.