Bassenget i Utgard stengt på ubestemt tid

Det har vore befaring for å kartleggje skadeomfanget og for å vurdere den generelle tilstanden til bassenget.

Bassenget vil ikkje opnast i nær framtid, og det vil framleis vere stengt på ubestemt tid. Norconsult er engasjert for å kartleggje skadeomfanget i bassengkaret og vurdere den generelle tilstanden. Befaring er gjennomført, og vi ventar no på rapporten. Før rapporten er klar, har vi ikkje så mykje konkret å orientere om. Når bassenget eventuelt kan opnast att, vil vere avhengig av omfanget av tiltaka som må gjennomførast.