Bedriftsbesøk - Lom & Skjåk Rørservice A/S

Vi har heldigvis mange dyktige handverkarar i Lom! Ein av desse er Anders Skjelden, som starta opp bedrifta Lom & Skjåk Rørservice AS i 2022.

Rørleggjar Anders Skjelden og sumarhjelp Marius Jevnheim-Bakkom - Klikk for stort bildeRøyrleggjar Anders Skjelden og sumarhjelp Marius Jevnheim-Bakkom Åshild Myhre Amundsen

Etter 14 år som røyrleggar fekk Anders Skjelden lyst til å starte opp si eiga bedrift. Far til Anders dreiv som røyrleggar før, så da var det praktisk å arve lokala etter han i Solsidevegen i Lom.

Bedrifta tilbyr alt frå oppussingsoppgåver eller bygging av komplette baderom, vassboren varme, vassmålar, sanitæranlegg, pumper, vannrenseanlegg og speilsveis/elektrosveis. Dei driv aktivt på sosiale medier, så sjekk dei gjerne ut på Instagram og Facebook.

Anders er allereie i gong med å tenkje rekruttering for framtida, og på bildet ser vi han saman med årets sumarpraktikant Marius Jevnheim-Bakkom, som elles går på vidaregåande skule i Lom. Kortreist arbeidskraft der altså!

Vi gratulerer med ein vellukka oppstart, og ynskjer lykke til med vidare drift.

 

 

 

Du kan lese meir om Lom og Skjåk Rørservice her:

Heimeside: https://lsrorservice.no/

Facebook: Lom & Skjåk Rørservice A/S

Instagram: @lomogskjaakrorservice