Bedriftsbesøk på Graffer gard

Tidlegare i år var kommunen på besøk hos nydelege Graffer gard. Visste du at den opprinnelege Graffer-bunaden kjem frå her? 


Bakgrunn: 
Ærverdige Graffer Gard frå 1700-talet ligg idyllisk plassert øvst i Vårdalen, om lag 10 min frå Lom. Her er det mykje historikk i veggane, og fleire av husa på garden er freda. På garden finn du både kanin, hest, høns og sjølvsagt kyr. Mest kjent er dei kanskje for Graffer-bunaden som har sitt utspring frå garden. Denne kan du oppleve i eit lite gardsmuseum på garden🙏

Vegen vidare: 
Graffer Gard står no ovanfor eit generasjonsskifte. I tillegg til tradisjonell gardsdrift (mjølkekyr), har dei au starta opp med overnatting og formidling på garden. I 2018 bygde dei eit nytt flott fjøs i tre. Dei eig òg eit kraftverk, samt viktige næringsareal på Lågkollen og areal avsett til bustadføremål. 

Kontaktinformasjon m.m.: 
Vi gler oss til å følgje med på utviklinga av denne vakre plassen framover, følg dei gjerne på Facebook-sida til Graffer gard. 

Kontakt

Åshild Myhre Amundsen
Næringssjef og landsbykoordinator
Telefon 975 22 977

Kontorstad: Midtgard, 3. etasje