Bli-kjent-treff i Lom

Torsdag 25.april arrangerer Lom kommune sitt årlege bli-kjent-treff med middag på Fossheim.

Bli-kjent-treff i Lom

 

 

 

 

 

 

 

Lom kommune inviterer til omvising i Lom og middag på Fossheim hotell torsdag 25.april. Treffet er meint som ein velkomst og eit høve for nye innbyggjarar å bli kjent med andre, men om du har budd i Lom ein stund allereie og ynskjer å vere med er du velkomen til å melde deg på. Bli-kjent-treffet har tidlegare blitt arrangert på hausten, men er av ulike grunner no flytta til våren. 

Bli-kjent-treff torsdag 25.april

Program:

17.30: Omvising i Lom. Oppmøte på Utgard fleirbrukshus. 

Vi får fyrst sjå dei ulike fasilitetane som finst på Utgard, med mellom anna storhall, treningsrom, og kultursal. Deretter går vi til Drengjestugu kor vi finn Ungdomsklubben og Friviljugsentralen. Vi avsluttar på Lom folkebibliotek før vi går til Fossheim for å ete middag. Om du ikkje ynskjer å vere med på omvisinga er det heilt i orden, då møter du opp på Fossheim i tide til middag kl 19.

19.00 Middag og quiz på Fossheim hotell

På erverdige Fossheim hotell får vi servert ein god middag i trivelege omgjevnadar. Kaffen og desserten blir servert i peisstugu, der vi også får bryne oss på ein quiz. Sjølvsagt blir det ei overrasking til vinnarlaget!

Bli-kjent-treffet blir spandert av Lom kommune, så du treng ikkje betale noko for middagen. Vil du ha anna drikke utover vatn/kaffi/te må du betale for det sjølv.

Alle ny-tilflytte i Lom som har meldt flytting før årsslutt i 2023 skal ha fått tilsendt eit velkomstbrev i posten med invitasjon til treffet. Har du nyleg fløtt til Lom og ikkje fått brev? Ta kontakt med bygdeutviklar Hege, så fiksar vi det! Ta elles kontakt om du har spørsmål.

Hugs å melde deg på treffet innan torsdag 18.april til Hege på telefon 453 12 269 eller e-post hege.olimb.myhre@lom.kommune.no . Gje beskjed om du/dykk har evt. allergier, og viss det er barn blant dei du melder på.  Om du ynskjer å ta med fylgje er det heilt i orden, sei berre frå ved påmelding.

Håpar å sjå deg! 

Med vennleg helsing arrangementkomitèen

Marit Rolstad, leiar kultur og friviljugheit og driftsleiar Utgard

Rita Mundal, leiar Lom folkebibliotek

Lone Løftingsbakken Thoresen, leiar flyktningstenesta

Åshild Myhre Amundsen, næringssjef

Hege Olimb Myhre, bygdeutviklar

Arrangementskomiteen. Bakerst frå venstre: Marit Rolstad, Rita Mundal, Åshild Myhre Amundsen. Foran: Anne Marte Nordlie Myren (for flyktningstenesta), Hege Olimb Myhre

Kontakt

Hege Olimb Myhre
Bygdeutviklar og bustadkonsulent
Mobil 453 12 269