Bli med til Gjendebu!

Lom eldreråd arrangerer tur til Gjendebu onsdag 8. august.

Avreise frå kyrkjevollen med buss kl. 05.45, båt frå Gjendesheim kl 07.45. Vi har med oss “Jo Gjende” alias Ole Kristian Ødegård: han vil kåsera om Jo Gjende i Gjendebu. I Gjendebu får vi kaffe og vaflar, og seinare blir det servert suppe og brød. Ta gjerne med ekstra niste og gode klede. Retur frå Gjendebu kl 16.20. 

 

Pris: 300,- til 350,- alt etter kor mange som vil vera med. Påmelding innan 1. august til Lom kommune, 61 21 73 00. 

Alle kan melde seg på turen, men eldre og pensjonistar blir prioriterte fyrst.