Bur du i Gudbrandsdalen og vil studere vernepleie? Sjå her!

Det er starta eit samarbeid mellom Karriere Innlandet og Universitetet i Innlandet angående utdanning innan deltid vernepleie. 

Universitetet i Innlandet tilbyr bachelor i vernepleie som deltidsstudium over fire år. Utdanninga er i stor grad nettbasert, men med semestervise fysiske samlingar på campus, Lillehammer.

Blir det med studentar frå Gudbrandsdalen, er målet at dei skal få praksis lokalt, og at det skal samarbeidast om å finne gode løysingar i lag med praksiskoordinator. Karriere Innlandet ønskjer òg å bidra til eit best mogleg studieløp for studentane i samarbeid med universitetet.

Søknadsfristen er 15. april, og ein søkjer via Samordna opptak.

Les meir her: https://www.inn.no/studier/vare-studier/bachelor-i-vernepleie-deltid/index.html