Bu i Lom?

Er du på leiting etter ein plass å bu i Lom, eller har du ein plass til sals eller utleige?  
 

Oversiktsbilde frå Lom Frys Film

Lom kommune har ei oversikt over ledige bustadar til sals og leige i Lom. Dokumentet er "levande", og vil bli oppdatert fortløpande. Sjå oversikt over ledige bustadar.

Har du ein bustad til sals eller leige?

Ta gjerne kontakt med næringssjefen dersom du har bustad til sals eller leige som du vil synleggjere på lista.  
Vi vil elles anbefale å følgje med her:

Kommunale bustadar 

Lom kommune har rundt 20 kommunale utleigebustadar som kan leigast ut etter søknad.  
Nokre er reservert til vanskelegstilte og til omsorgsbustadar. Andre er ope for ordinær utleige i inntil tre år, og deretter må det søkjast årleg. Målet er at dette skal vere eit midlertidig alternativ for deg som slit med å finne ein plass å bu i Lom, eller som ynskjer å leige ein periode før du skal kjøpe deg bustad.  

Les meir om leige av kommunale bustadar.

Bli betre kjent med dei ulike bustadområda i Lom

Ynskjer du å bli litt betre kjent med dei ulike bustadområda i Lom? Gå til kort skildring av dei ulike alternativa.

Heile Nord-Gudbrandsdalen er elles ein felles bu- og arbeidsregion, og særleg nabokommunane Vågå og Skjåk ligg i fin pendlaravstand frå Lom.

 

Foto: Live Andrea Sulheim

Kontakt

Åshild Myhre Amundsen
Næringssjef og landsbykoordinator
Telefon 975 22 977

Kontorstad: Midtgard, 3. etasje

Hege Olimb Myhre
Bygdeutviklar og bustadkonsulent
Mobil 453 12 269