Bustadkonferanse i Lom 27. april 2023

Velkome til ein kveld der vi sett fokuset på noko av det viktigaste vi har – heimen vår.
Torsdag 27. april frå kl. 18.00 – 21.00 samlar vi aktørar og andre bustadinteresserte til inspirasjon, orientering og diskusjon rundt bustadutviklinga i Lom.

 

Bustadkonferanse i Lom  - Klikk for stort bildeLom sentrum. Frys Film

Program:
Kl. 18.00 - 20.00:

  • Korleis få til eit variert bustadtilbod i distriktet? v/ Distriktssenteret
  • Utvikling på bustadtomta Kulihaugen – kva skjer? GNIST v/ Natural State og Haugen/Zohar Arkitekter og Konseptet otiumPLUSS v/ Clemens Eiendom og konseptPLUSS
  • Utbygging av Gjeisarjordet – kva har vi fått til og kva slags planar har vi framover? v/Jotunheimen Bygg
  • Det blir enklare å bygge minihus frå 1. juli – kan dette vere eit aktuelt konsept i Lom? v/ Natural State
  • Ledige bustadtomter og utbyggingsprosjekt i Lom v/ Lom kommune
  • Gode tips om bustadfinansiering v/ Sparebank1 Lom og Skjåk

Kl. 20.00 - 21.00:
Alle som har deltatt (entreprenørar, kommune etc.) stillar på stand, slik at publikum kan gå rundt, stille spørsmål og kome med innspel på kva slags bustad DU kan tenkje deg i Lom i framtida, kva slags finansieringsmoglegheiter som finst etc.
Målet er å få til ein god dialog og diskusjon, før vi rundar av rundt klokka ni. 

Arrangementet passar for:

  • Privatpersoner som vurderer å bygge, kjøpe eller leige bustad i Lom, no eller i framtida
  • Grunneigarar som sitt på ledige bustadtomter i Lom
  • Næringsliv som har behov for bustadar eller ynskjer å vere med på utbygging / investering i eigedom
  • Politikarar og andre som er nysgjerrig på kva som rører seg i Lom

Påmelding:
Arrangementet skjer i Utgard fleirbrukshus torsdag 27. april frå kl. 18.00 – 21.00
Enkel servering 😊 Arrangementet er ope og gratis for alle, du treng ikkje å melde deg på.

Bustadkonferansen i Lom blir arrangert av Lom kommune, i samarbeid med fleire.

Kontakt

Åshild Myhre Amundsen
Næringssjef og landsbykoordinator
Telefon 975 22 977

Kontorstad: Midtgard, 3. etasje