Det glødande hjartet i bakeriet

Måndag kveld gjekk Morten Schakenda bort, og våre tankar går fyrst og fremst til Mortens familie som har mista eit kjært familiemedlem.

Morten starta Bakeriet i Lom i 2004, og skapte med det ei suksesshistorie ingen hadde turt å tru på da han lanserte ideen.

Han skapte eit nytt landemerke i Lom. Ein møteplass som er ein del av lokalmiljøet. Eit bakeri vi som lomværar identifiserer oss med, og er stolte av. Ikkje minst kom det til mange sårt tiltrengde arbeidsplassar. Han har bidrege sterkt langt utover bakeriet. Han har vore meir enn ein bakar.

Han har vore ein kulturbyggar, mellom anna gjennom arenaen han og familien har skapt heime i det som tidlegare var Lia skule. Han har vist at det er mogleg å gjere ville idear til suksess – sjølv i ei lita bygd som Lom.

Han har vore eit medmenneske. Ein varm og inkluderande person som såg enkeltmenneske. Det er ikkje få som har fått æra av å slå av ein prat med Morten – trass i lange arbeidsdagar og lite søvn.

Morten vil verkeleg bli sakna både som identitetsbyggaren til bakeriet og som menneske. Vi er særs takksame for alt Morten har bidrege med.

På nettsida til Bakeriet i Lom har Morten skrive at den vedfyrte steinomnen er det glødande hjartet i bakeriet. Og det er kanskje nettopp slik vi i Lom vil minnast Morten – som eit glødande hjarte med pågangsmot og varme.    

Minna vil leve vidare gjennom Bakeriet, brødet og bollane – og kvart einaste menneske som fekk moglegheit til å slå av ein prat med han.

Morten blir aldri gløymt.    

Kvil i fred.

---

Bjarne Eiolf Holø
Ordførar