Digital næringskaffe 15. februar kl. 9.00Velkome til digital næringskaffe for bedrifter i Nord-Gudbrandsdalen torsdag 15. februar kl. 9.00 - 9.30. Vi møtes digitalt på teams.Det er ingen krav om påmelding, det er berre å logge seg på.Program:- Erfaringar med å inkludere flyktningar i arbeidslivet v/ hotelldirektør Ruth Øien Mæhlum i Thon Partner Hotel Otta- Korleis kan ei bedrift gå fram med tanke på å tilsette flyktningar? Kva krev det av arbeidsgivar? Og kva kan ei bedrift forvente seg av oppfølging? v/Ketil Størseth, leiar NAV Lesja-Dovre- Kven er flyktningane som ynskjer arbeid? Vi presenterer nokre konkrete anonymiserte døme v/Arne Chr. Mæhlum, marknadskoordinator NAV i Nord- og Midt-Gudbrandsdal- Evt. spørsmålFelles næringskaffe er eit samarbeid mellom kommunane Skjåk, Vågå, Lom, Sel, Dovre og Lesja, og Interkommunalt politisk råd Nord-Gudbrandsdalen.Bli med på møtet via denne lenka. Nokon vil sleppe deg inn i møtet når startstidspunktet nærmar seg. Publisert 12.02.2024 14.35