Diktardagar 2019

Til fjells!

I dag søkjer vi til fjells som aldri før, unge som gamle. Det same har vismenn, diktarar og kunstnarar gjort
i uminnelege tider. Holberg, Wergeland, Ibsen , Grieg, – alle har dei hatt sterke opplevingar og høyrd sterke historier på veg over Sognefjellet.

Kva er det med fjellet? Dette vil vi prøve å kaste ljos over på Diktardagar 2019, gjennom litteratur, musikk og foredrag. Seminaret har tittelen «Høge fjell og djupe dalar. Fjellet som ytre og indre landskap.»

Vi er glade og stolte over å samarbeide med mange dyktige vertskap på eineståande arenaer i Lom, Skjåk og Vågå. Ikkje minst er vi glade for å presentere mange lokale utøvarar på høgt nivå med mykje du aldri har høyrt eller sett før. Eller du kan bokbade med fleire av våre fremste forfattarar, eller gå på kvelds- konsert med Stein Torleif Bjella.

Velkomen til Diktardagar,
til inspirasjon frå fjellet
og vel møtt att hausten 2020!

 

Billettsalet startar 1. juli 2019.

Det er mogleg å kjøpe eller tinge billettar på diktardagar.no eller på servicetorget i Lom kommune.

Festivalpass: kr 1000.

Festivalpasset gjeld ikkje:
Arrangementet på Billingen torsdag 29. august. Diktardagarmiddagen fredag 30. august.
Turen til Sognefjellet 1. september.
Frist for å kjøpe billettar til desse arrangementa er 23. august kl. 16.00.

Meir informasjon

www.diktardagar.no, e-post: post@diktardagar.no Tlf.: 90738489 (Torunn), 92664751 (Rita).

Kontakt Visit Jotunheimen tlf. 61212990 info@visitjotunheimen.com eller
sjå visitjotunheimen.no