E æ aktiv, æ du?

Søndag 12 mai, frå 12.00-16.00 blir det gardsbesøk på Graffer gard i Lom. Graffer gard har historie frå 1700 tallet, og har eiga gardsmuseum. «E æ aktiv Æ DU» er eit aktivitetstilbod for ungar og ungdom i Nord-Gudbrandsdal med ulike funksjonshemingar som treng tilrettelagt aktivitet. Aktivitetsdagar er lagt opp for ungar og ungdom opp til 26 år. Vi ønskjer foreldre/føresette og søsken velkomne, og evt andre ledsagarar. Kvar familie betalar kr 200 for å delta på aktivitetsdagen 

 Program: 

  • Kaffe og bite ti 
  • Omvisning på garden som har fleire dyr. Det blir anledning til å helse på desse. 
  • Tur med 4 hjuling for den som vil 
  • Grilling 

Påmelding innan 9. mai: 

sivert.jonassen@lom.kommune.no (48165520) 

Velkomne!