Er du førebudd om ei krise skulle oppstå?

Kva gjer du om straumen blir borte i fleire døgn? Eller om vatnet blir borte? Eller kva om du blir isolert? Hugs at du er ein del av beredskapen! 

Det er ikkje lenge sidan det gjekk eit steinras i Bøverdalen, og mange fekk kjenne på det å vere isolert. Denne hendinga gjekk bra, men uvêr, naturhendingar, sabotasje, tekniske problem, terror eller krigshandlingar kan føre til at du mister til dømes straum eller vatn, og at det kan bli vanskelegare å få tak i naudsynte varer. Derfor bør vi alle ta nokre enkle grep heime, slik at vi kan ta vare på oss sjølve og dei rundt oss i 72 timar. På den måten er vi alle ein del av beredskapen i Norge.

Eksempel på beredskapslager

  • 9 liter vatn per person (les også: Slik lagrar du vatn)
  • 2 pakker knekkebrød per person
  • 1 pakke havregryn per person
  • 3 boksar middagshermetikk eller 3 posar tørrmat per person
  • 3 boksar med pålegg med lang haldbarheit per person 
  • nokre posar tørka frukt eller nøtter, kjeks og sjokolade 
  • medisinar du er avhengig av 
  • ved-, gass- eller parafinovn til oppvarming
  • grill eller kokeapparat som går på gass
  • stearinljos, lommelykt med batteri eller parafinlampe
  • fyrstikker eller lighter 
  • varme klede, pledd og sovepose
  • fyrstehjelpspakke
  • batteridreve DAB-radio
  • batteri, lada batteribank og mobilladar til bilen
  • våtserviettar og desinfeksjonsmiddel
  • tørke-/toalettpapir 
  • sanitetsprodukt 
  • litt kontantar 
  • ekstra drivstoff og ved/gass/parafin/raudsprit til oppvarming og matlaging
  • jodtablettar ved atomhending dersom du er under 40 år, gravid, ammande eller har barn som bur heime. (Les meir om jodtabletter lenger ned i artikkelen)  

Sikker kvardag

sikkerhverdag.no finn du mange tips til kva du kan gjere for å førebu deg på ulike hendingar og kriser (klikk deg inn på ulike tema under): 

Les meir om eigenberedskap og få råd om korleis du kan setje saman ditt eige beredskapslager.

Jodtablettar

Ved ei eventuell atomulykke kan jodtablettar brukast for å unngå skader som følge av radioaktivt utslepp.

Det er tilråda at barn og unge, gravide og ammande, samt vaksne opp til 40 år tek jodtablettar dersom det er fare for radioaktivt nedfall.

Kriseutvalet for atomberedskap tilrår at alle kommunar har jodtablettar tilgjengeleg for alle barn og unge under 18 år, samt gravide og ammande. Lom kommune har jodtablettar tilgjengeleg for desse gruppene, og det er ein plan for utdeling om dette blir naudsynt. 

Er du i aldersgruppa 19-40 år er du tilråda å skaffe deg jodtablettar sjølv.

Plan for utdeling av jodtablettar

  • Barn og unge opp til 18 år får utdelt jodtablettar der dei oppheld seg på dagtid (skule og barnehage). 
  • Er ikkje barnet på skule eller barnehage ved utdeling, vil det vere mogleg å hente ut jodtablettar på teststasjonen ved parkeringa til Lom helsesenter til avtala tidspunkt. 
  • Gravide og ammande kan hente ut på teststasjonen ved parkeringa til Lom helsesenter til avtala tidspunkt. 

Lom kommune presiserer at beskjed om utdeling kjem når det eventuelt er naudsynt. 

Og hugs, på grunn av den store geografiske avstanden til Ukraina er det svært lite sannsynleg at det blir naudsynt med jodtablettar i Norge, om det skulle skje eit radioaktivt utslepp i Ukraina. 

Egenberedskap_Gaute Gjøl Dahle_DSB.jpg