Få tilskot til fjerning av gamle og/eller farlege gjerde

TRYGG HAFEILLE - Få tilskot til fjerning av gamle og/eller farlege gjerde. Logg deg inn på eDialog og legg inn opplysningane som nevnt i artikkelen

Eit bakon-gjerde langs ein skogsveg - Klikk for stort bildeBli kvitt gamle /farlege gjerde Silke Hansen

Landbrukskontoret i Lom og Skjåk gjennomfører eit prosjekt i 2024 for å få fjerna gamle og/eller farlege gjerde i inn- og utmark i Lom og Skjåk kommunar. For gjerde som blir fjerna og levert til Nord-Gudbrandsdal renovasjonsselskap (NGR), kan du søke om å få utbetalt eit tilskot.

Det blir gjeve kr 20 per meter rydda nettinggjerde og kr 20 per meter piggtråd, eller kr 350 per time brukt til rydding. Timesats er aktuelt ved vanskelege og/eller utilgjengelege gjerde. Det blir ikkje gjeve timesats og kr per meter for same gjerde. Tilskotet utbetalast etter innsendt søknad om utbetaling.

Mengde innlevert nettinggjerde blir berekna per kubikk. Prosjektet vurderer at 100 meter nettinggjerde utgjer 1 kubikk med samanrulla gamalt gjerde. Mengde piggtråd avgjerast i samråd med den som leverer og blir anslått i meter.

Tilskot utbetalast fortløpande. Når prosjektmidlane er brukt opp vil det ikkje utbetalast meir tilskot.

Vilkår
Den som leverer inn gjerde som ein del av prosjektet må gje beskjed på miljøstasjonen om dette ved levering
Alt som leverast av metallgjerde (nettinggjerde, piggtråd mm.) skal vere reint metall
Stolperestar, kvistar og gras skal fjernast før levering. Er det ikkje reint vil det bli avvist eller at leverandør må betale for levering etter fastsette satsar for usortert avfall
Det blir gjeve tilskot for alle type metallgjerde
Det blir gjeve tilskot for gjerde som er rydda i Lom og Skjåk kommunar
Skal du rydde på eigedom du sjølv ikkje eig må du ha tillating frå grunneigar
Anmodning om utbetaling må vere innsendt innan 1. desember 2024.

Kontaktperson: Kari Hånsnar, tlf. 99162 602 / kari.hansnar@skjaak.kommune.no

Logg deg inn på eDiaolog og legg inn fylgjande opplysningar: 
Utbetaling av tilskot per meter rydda gjerde:

Legg inn kontonummer for utbetaling av tilskot under merknad
Vedlegg:
a.       Last opp kvittering frå miljøstasjon

Utbetaling av tilskot per time skjer på følgjande vis:

Legg inn kontonummer for utbetaling av tilskotunder merknad
Vedlegg:
a.       Last opp kvittering frå miljøstasjon

b.       Kart som viser område kor gjerde er fjerna frå

c.       Bilete før og etter gjerde er fjerna

d.       Timeliste

(Hugs å merke sendingen/søknad med: Få tilskot til fjerning av gamle og/eller farlege gjerde).