Felles ordning med personvernombod for Vågå, Lom og Skjåk kommunar

Stortinget vedtok i mai 2018 ei ny personopplysningslov som gjennomfører EU si personvernforordning (GDPR) i Norge. Justis- og beredskapsdepartementet  forventar at den nye personopplysningslova  vil bli sett  i kraft i løpet av juli 2018. 

Når behandlinga av personopplysningar blir utført av ei offentleg myndigheit eller eit offentleg organ pliktar ein å opprette ordninga med personvernombod. 

Vågå, Lom og Skjåk kommunar har valt å samarbeide om dette og har derfor inngått ei felles avtale, der  Lom kommune er vertskommune. Det er rådgjevar Reidun Øvre Øygard som er personvernombod i desse kommunane.  Ho treffer ein ved  å vende seg til sentralborda i kommunane eller direkte på mobil 481 65 534 eller epost: 

personvernombod@vaga.kommune.no

personvernombod@lom.kommune.no

personvernombod@skjaak.kommune.no