Folkehelse for eldre

I samarbeid med Helsedirektoratet har Norsk Friluftsliv laga ei brosjyre som skal inspirere eldre og seniorar til å kome seg ut på tur.

 

 

Brosjyren legg vekt på lavterskelaktivitet og tilrettelegging for friluftsliv i nærmiljøet. Den inneheld tips til korleis vi blir motivert til å kome "over dørstokken", samt informasjon om aktivitetstilbod, om planlegging og om helsegevinsten med friluftsliv.

Mottoet er at all aktivitet er betre enn ingen aktivitet, også nokre minutt med aktivitet gir positiv effekt.

Under finn du lenke til elektronisk utgåve av brosjyra, samt ei lenke til eit utskrivbart format for papirkopi.

Klikk her for å lese og laste ned ein digital versjon av brosjyra.

Klikk her for å laste ned ein utskriftsvenleg versjon av brosjyra.

Aktivitet og trivsel i nærmiljøet for seniorar - Klikk for stort bilde Norsk friluftsliv/Helsedirektoratet