Frukostmøte for næringslivet 19. april: Planlegging av vår- og sumarsesongen i Lom 2023

I Lom skal det vere fleire store arrangement framover mot sumaren, og Lom kommune, NAV og Visit Jotunheimen tek derfor initiativ til eit felles frukostmøte på Nordal for å planlegge og eta god frukost i lag. 

Vi spanderer frukost - Klikk for stort bildeVi spanderer frukost Kjelde: Pixabay

Program:

Frå kl. 7.30: Frokostbufféen opnar

Frå kl. 08.00 – 10.00:

  • NAV introduserer "Superrask søknad", for å lette rekruttering v/ Arne C. Mælhum
  • Kva kan vi finne på i saman under jubileumsfeiringa i Lom v/ Anita Koot i Scandinavia Tours, på vegne av Sparebank1 Lom og Skjåk
  • Landskappleiken i Lom – kva bør næringslivet ha kjennskap til v/ Grete Sjurgard
  • Bustadkonferanse og tilflyttartreff v/ Åshild M. Amundsen og Hege Myhre
  • NRK-sakte TV v/ Mari Wedum i Visit Jotunheimen
  • Nordisk 4H-leir i Lom – kva skjer v/ Turi Elise Kaus i 4H Oppland

Felles dialog etter det. Møtet er ope for bedrifter i Lom, vi spanderer frukost 😊  
Stad: Spisesalen på Nordal Turistsenter
Dato og tidspunkt: Onsdag 19. april frå kl. 7.30

Påmelding:

Meld deg på til ashild.amundsen@lom.kommune.no / tlf. 975 22 977 innan 15. april.

Kontakt

Åshild Myhre Amundsen
Næringssjef og landsbykoordinator
Telefon 975 22 977

Kontorstad: Midtgard, 3. etasje