Generell informasjon - ekstremveret HANS i Lom

Ekstremværet Hans har så langt ført til mange parallelle hendingar i Lom kommune, deriblant fleire ras og stengte veger. Lom kommune har sett krisestab og følgjer situasjonen tett.

 

Det har mellom anna vore rapportert om hendingar ved Solsidevegen, Tronodden, Sygard Stamstad, Nørdre Kollen, Byrøygarden og Røysheim. Mange vegar er stengt. Nedre og Øvre Ulstadveg er evakuert og Utgard er evakueringssenter. Du finn ei oppdatering av dei viktigaste hendingane og stengde vegar på trafikkmeldingane til Statens vegvesen: (søk opp Lom) eller på Lom kommune si heimeside:

Det er ikkje rapportert inn skade på folk eller dyr som ei følgje av desse hendingane, men vi står alle overfor krevjande timar og dagar med mange parallelle situasjonar.
Innsatsen er enormt stor både ute og inne, og folket syner ein eineståande vilje til å hjelpe. Ein varm takk til alle!

Lom kommune har folk ute i felt som følgjer situasjonen nøye, i samarbeid med mellom anna politiet og entreprenør. Både nødetater og kommunen er i beredskap, og vil prioritere liv og helse. Vi vil oppmode folk om å halde seg mest mogleg i ro dersom du bur på ein trygg plass, men evakuer til nabo eller vennar dersom du ser eit behov for det.
 
Ta vare på kvarandre og følg gjerne værsituasjonen og anbefalingane som
ligg på denne temasida. 
Slik det ser ut no vil regnværet halde fram utover onsdagen.
Dersom du ynskjer å rapportere om viktige hendingar knytt til ekstremværet kan du ta kontakt med servicetorget på tlf. 612 17300. Det vil bli bemanna så lenge det er behov for det.